Cow Valley Entertainment


Gå til innholdet

Lærdal

Entertainment > Diverse Kurs

Lærdal Linedance:

Vi er 22 godt vaksne damer som samlast til linedance
to timar kvar tysdag.
I sommarhalvåret dansar vi på utescena i Kvammegården,
ein sjarmerande stad i gammalt bumiljø.
Dette er sosialt triveleg og er svært god trim.
Kvar Lærdalsmarknad er vi inviterte til å halde oppvisning.
Vi tek på oss andre oppdrag også.


Her er bilete frå Lærdalsmarknaden 2006.
Grunna sjukdom og jobbing var vi berre 15 damer,
men vi hadde det kjekt og dansa bra.Tok berre 4 dansar.
Var svært varmt under plasttaket....

Litt om Eva….

Alder: snart 47 år
Barn: 2 vaksne (kjekke!) søner
Yrke/Arbeid: undervisningsinspektør
Busett: i Lærdal, men er opprinneleg
frå Haukedalen i Førde kommune.
Hobbyar: friluftsliv, lokalpolitikk og linedance
+ å vere mamma når sønene mine er heime
+ å vere tante til 6


Linedance-karriere:

Deltok på mitt første linedance-kurs i januar 1999.
Våren 2000 tok eg instruktørkurs arrangert av NCWDA/SCWDA
og Skedsmo Westernklubb.
Sidan har eg vore instruktør i Lærdal Linedance.
I tillegg har eg vore rundt om fleire stader i fylket og helde linedancekurs.
For å halde meg oppdatert og lære nye dansar,
har eg delteke på kurs ulike stader i landet.



Sjølv om det er countrymusikken og linedancen
som står mitt hjarte nærmast, er eg glad i ulik type musikk
og trivst godt både med gammaldans og swing....
Gjennom linedancen har eg møtt mange,
hyggjelege menneske i alle aldrar.


Årets country/linedance-høgdepunkt: countryfestival på Breim

-har i det høvet kjøpt bubil saman med eldste bror min
og svigerinna mi. Eig ein halv bubil med andre ord...


Favoritt-artist/band: For tida er eg litt hekta på "Vassendgutane",
men den countryartisten eg har hatt "med meg" frå eg var jentunge
-og nok har aller nærmast forhold til, er Jim Reeves.

Eva












Velkommen | Entertainment | Linedancers | Showdancers | CVE Sko & Mix | På plakaten | Linkar | Side kart


Webmaster Monica Kortner | entertainment@cowvalley.net

Tilbake til innholdet | Tilbake til Forsiden